Program for 4H Landsleir 2018

Fredag 27. juli er det meldt rekordtemperatur. Turen til Stavanger blir derfor avlyst og programmet blir i staden slik:

PROGRAM FOR FREDAG 27. JULI:

  • 8.30 Vekking
  • 7.00 – 9.30 Frukost i miljøtorg/ridehall (treng ikkje smøre niste)
  • 10.00 Morgonssamling frå scena
  • 10.00-12.00 Tautrekking foran scena
  • 12.00-13.00 Lunsj i miljøtorget
  • 13.00-18.00 Vannsklia er open i tillegg til basseng
  • 15.00 Konsert
  • 17.00-18.00 Middag i miljøtorget
  • 18.00-19.00 Leiar- og tunsjefsamling
  • 19.00-20.00 Tunmøte
  • 21.00 Underhaldning og avskjedsseremoni
  • 23.15 Kveldsmat i miljøtorget
  • 23.00 Ro i teltleiren
  • 23.00 Miljøtorget er ope

————————————-

Dagsprogram

Program

07:30Vekking
08:00Frukost

09:00Morgonsamling
09:30 – 15:00Aktivitetar
12:00 – 13:00Lunsj
17:00 – 18:30Middag
18:00 – 19:00Tunsjef- og leiarmøte
19:00 – 20:00Tunmøte
20:00Frå scena
21:00 – 02:30Miljøtorg
22:00Kveldsmat
23:00Ro i teltleiren
Leirbål

Hovudaktivitetar

Laurdag 21. juli:Ankomstdag med innmarsj og offisiell opning. Tema for innmarsj: Vidle, fine og blaude
Søndag 22. juli:Slaget på Øksnevad og Kongeparken
Måndag 23. juli: Aktivitetsdag
Tysdag 24. juli: Aktivitetsdag
Onsdag 25. juli: Aktivitetsdag
Torsdag 26. juli:Open dag med Landkreditt volleyballturnering. Stand frå samarbeidspartnarar.
Fredag 27. juli: Byvandring i Stavanger blir avlyst. Aktivitetar i leiren i staden, sjå program. Avslutningsseremoni.
Laurdag 28. juli: Takk for nå og vel heim. Sjåast i Bornholm i 2019!

Underhaldning

Under opninga av leiren, laurdag 21.07, kjem Emma Noor. Ho kjem frå Bryne, som ligg i nabokommunen til Klepp. Emma Noor er kjend frå MGP jr. 2015, kor ho var i finalen med sin eigenkomponerte låt «Hjerterytmen».

Måndag den 23.07 er det Trubadur Ørjan som skal stå på landsleirscenen. Det blir sagt at han er en uhøgtideleg allsongtrubadur. Ørjan kjem frå Oltedal i Gjesdal kommune.

Rambukk er eit coverband som speler god gammal rock av band som Skambankt, Ingenting, AC/DC, CCR, Ozzy Osbourne, Elvis Presley, med meir. Artistane i bandet er ei samling dyktige musikarar frå Jæren, med hovudkvarter på Bryne. På tysdag 24.07. får du høyre Rambukk frå landsleirscenen.

Kløverkampen skal vere onsdag 25.07. Same dagen får landsleiren besøk av Kevin Lunde. Han er ein av dei beste tryllekunstnarane i Noreg, sjølv om sceneshowet hans nok best kan samanliknast med eit standupshow, der trylling er eit av verkemidla han brukar. Du har kanskje sett Kevin Lunde i programserien ”Rundlurt” som gikk på NRK? Kevin Lunde bur i Hommersåk i Sandnes kommune.

Når du er på Øksnevad vgs. er det ikkje langt til “Skjævelandsbrunå”. Det er denne brua Silo og Saft syng om, og etter deira meining er landsleiren plassert på rett side av brua. Truleg er dette ein av songane du får høyre når Silo og Saft står på scenen på kvelden torsdag 26.07. Silo og Saft kallar musikken sin for jærsk viserock, og dei har eit repertoar som spenner frå rolege balladar til meir rocka melodiar. Silo og Saft har base på Varhaug i Hå kommune.