Påmelding til 4H landsleir 2018

 

Påmeldinga er open mellom 3. april og 20.juni!

Du melder deg på HER:  medlemsregisteret til 4H Norge:

NB! Du treng medlemsnummer og passord for å logga inn.

Påmeldinga er bindande. Dvs. at viss du har meldt deg på, må du betala sjølv om du ikkje deltar. Ved sjukdom, dokumentert med gyldig legeattest, slepp du betala, og får pengane tilbake viss arrangementet allereie er betalt.
Ved påmelding må de velja ein aktivitet kvar dag (måndag, tysdag og onsdag). Du kan berre gjera dette ein gong, så snakk med venner og les om aktivitetane før du melder deg på.

Medlemsnummer

Medlemsnummeret ditt finn du på tidligare fakturaer. Ev. kan du spørja leiar i klubben din, sekretær eller klubbrådgjevar A.

Passord

Klikk på «mangler du passord», skriv inn medlemsnummer og e-postadressa di. Det er viktig at dette er same e-postadresse som den som er registrert på deg i 4H sitt medlemsregister. Viss du manglar passord, og ikkje lenger har tilgang til den registrerte mailen, må du be sekretær, leiar eller
klubbrådgjevar endra dette for deg.

Tekniske problem

Kontakt 4H-kontoret i fylket ditt.

Val av tur/aktivitetar:

Felles aktivitetar/tur:

Søndag 22.07.18 skal Slaget på Øksnevad stå. Dette er ein del av «bli kjent-dagen» på landsleiren, og vil bestå av ulike konkurransar. Etter konkurransen drar me til Kongeparken. Sjekk ut Kongeparkens heimeside: http://www.kongeparken.no

Torsdag 26.07.18 er det open dag. Då arrangerer me den tradisjonelle volleyballturneringa. I tillegg vil samarbeidspartnarane våre få høve til å presentere seg. Dette året vil me ha aktivitetar i teltområdet der kvart tun har ansvar for å gjennomføra ei tildelt oppgåve saman med dei som besøker leiren.

Fredag 27.07.18 skal me på byvandring i Stavanger. Byvandringa skjer i form av eit rebusløp med oppgåver. Kanskje du vil få høve til å stifta bekjentskap med severdigheiter som Gamle Stavanger, fisketorget, oljemuseet og Stavanger domkyrkje?

Eigenvalte aktivitetar/turar: -oppdatert 30.05.18.

Aktivitetar:
På alle aktivitetane treng deltakarane ein liten ryggsekk med drikkeflaske, matpakke og sitjeunderlag. Me anbefalar i tillegg gode sko, klede etter vêret og gnagsårplaster. Aktivitetane som er tilrettelagt for bevegelseshemma er merka med stjerne*.

Besøk to av Norges kulaste vitensenter! *
Torer du fange 700000 volts lysbogar? Vil du surfe frå planet til planet, eller teste reaksjonsevna di? Kva med å prøve deg som menneskeleg jo-jo eller stå imot eit skikkeleg,  jærsk organ? Dette og mykje meir får du oppleva denne dagen når turen går til Vitenfabrikken og Vitengarden.
På Vitensenteret i Sandnes står astronomi, matematikk, energi, Sandnes by- og regional-industrihistorie i fokus med interaktive utstillingar.
Frå byen går turen til bygda – til Vitengarden og Vitensenteret som er plassert «midt i matfatet» på Nærbø. Her er det dei grøne naturvitskapane som står i fokus; kor kjem maten vår frå? Og kor lenge må du sykla for å bli kvitt han? Klarer du vinna mot roboten i ostepakking?
Plassar: min 25 – maks 150

Sjokoladefabrikk og byvandring i Egersund 
Kombiner sjokoladelaging med byvandring. I Egersund får du laga din eigen sjokolade i 2,5 timar. Du får laga ei sjokoladeskål, konfektar og læra om både smakar og sjokolade. Før eller etter sjokoladekurset blir det byvandring der du får læra om Egersund si historie medan du et sjokolade du har laga på kurset –  som du jo får med deg!
Plassar: – Ingen fleire igjen

Kanotur med Svala 4H
Opplev Jærlandskapet, frå hei til hav, med gardar, dyr, fuglar og luktar frå kanoen. Me startar ved Haugland bru i Time kommune og fylgjar Håelva ut til havet ved Hå gamle prestegard. Ein padletur på 10,6 km og to timar effektiv padling. Undervegs blir det mat- og fiskepause på Alvaneset (alle under 16 år kan fiska gratis, medan ungdom over 16 år kan få løysa inn fiskekort). Ta med fiskeutstyr om du har lyst å prøva fiskelykka. Når me kjem til Hå gamle prestegard kan du sjå deg om på den flotte prestegarden, som no har kunstutstillingar, historisk utstilling om området og kafé, eller du kan gå til Nærlandselva og bada i sjøen eller spela sandvolleyball.
Ta med; vind- og vasstette klede, joggesko eller fjellsko, god matpakke og drikke, sitjeunderlag til å ha i kanoen, badeklede, skifteklede pakka i ein plastpose i sekken.
Plassar: min 10 – maks 50

Handball
Likar du å spela handball og vil læra noko frå spelarane på Nærbø? Nærbø juniorherrar vann NM i 2017! Så her får du mange gode tips korleis du kan trena utan å skada deg, og du får ein kjekk dag med flinke handballspelarar. Ta med eigna treningsklede og sko.
Plassar: min 30 – maks 40 stk.

Sminkekurs *
Marianne Søiland lærer deg om reinsing, sminking og å ta vare på den skjønnheita ein allereie har.
Deltakarane må sjølv ta med eigen sminke
Plassar: ingen fleire igjen

Frå slakt til middag *
Stian Espedal er slaktar med lang erfaring, han er no tilførselsleiar på sau hos Nortura Forus og har i dei seinare åra haldt slaktekurs for bønder, organisasjonar og fleire gonger for 4H i Rogaland. Her får deltakarane vera med på å slakta sauer. Me lærer om avliving, partering og sauens anatomi. Kurset avsluttast med sjølvlaga middag, så her treng ein lite niste.
Plassar: – Ingen fleire igjen.

Strikkekurs *
Klar til å strikka leirsokkar? Bjørg Seldal og Anne Margrethe Øyen lærer deg å strikka! Me fokuserer på å legga opp masker og ulike typar masker. Me byrjar på eit sitjeunderlag og du vil læra korleis det kan tovast.
Plassar: min 10 – maks 30 stk.

Fugletitting
Besøk på Revtangen og ein annan lokalitet, med NOF Jæren.
På Revtangen ornitologiske stasjon på Reve i Klepp jobbar ein med fangst og ringmerking av fugl. Resultanta av ringmerkinga fortel oss kor hekkefuglane har sine trekkvegar, viktige rasteplassar og overvintringsområde. Gjennom fangst og ringmerking får me kunnskap om andelen ungfuglar og vaksne i bestanden, og dermed kan me seia noko om korleis hekkesesongen har vore. Når merka fuglar blir funne igjen, kan me berekna levealder og innhente kunnskap om viktige dødsårsaker. Alt dette er kunnskap som er heilt nødvendig for å forvalte fuglebestandane på ein god måte. Alt dette skal du få vera med på og læra meir om på kurset.
Plassar: min 12 – maks 15 stk.

Strandtur
Frå Sirevåg til Brusand. Jærstrendene består av rullestein- sanddyner og sandstrender. Landskapet er spesielt både i nasjonal og internasjonal samanheng. Store deler av kyststrekningen frå Tungenes i nord til Eigersund grense inngår i Jærstrendenes landskapsvernområde. Når ein kjem til Brusand får ein fortelling om tyskarhòlene og Hitlertennene, med Kurt Inge Sirevåg. Under andre verdskrigen frykta tyskarane angrep frå havet,  og for å stoppe allierte stridsvogner blei det lagt breie  minefelt på stranda og lenger oppe blei det plassert store stein- og betongblokker i fleire rekker. Fleire hundre menn måtte delta i dette arbeidet, dei fleste var tvangsutsendte frå Jæren, Eigersund og Stavanger og etter kvart blei Hitlers norske tanngard ferdig for å beskytte tyskarane mot angrep frå havet.
Plassar: min 25 – maks 40 stk.

Dresinsykling
Ålgårdsbanens vener tar oss med på dresinsykling langs den nedlagde banen. Trehjulsykling på togskinner. Ei oppleving for livet.
http://aalgaardbanens-venner.com/
Plassar: ingen fleire igjen

Leirbuksemaling *
Christine Sikveland og Helene Sinnes har de finaste leirbuksene i Rogaland og dei har fleire gonger heldt kurs for oss. Dette er kurset for deg som ønsker å dekorere og setja ditt personlege preg på leirbuksa. Kurset er for alle nivå, og du vil her læra kva maling og teknikkar som gir best resultat.  Me stiller med maling, utstyr og forslag til motiv, men ha gjerne planen klar på førehand.
Hugs å ta med klede som tåler ein malingsflekk også.
Leirbukser må kjøpast på førehand, så  kontakt ditt fylke for meir informasjon viss du treng.
Plassar: min 15 – maks 25 stk.

Bowling og byvandring på Bryne *
Sjølve bowlinga varar i ca. 2,5 timar, og før eller etterpå er det byvandring på Bryne.
Plassar: ingen fleire igjen

Volleyball
Aldri ein leir utan volleyball. Instruktør er tidlegare 4H-ar og no volleyballspelar i Sandnes volleyballklubb, Judith Thu Ølberg. Du vil få opplæring i grunnleggjande teknikkar, reglar og spel. Målet er at deltakarane skal oppleve glede og kjenne meistring gjennom idretten og lagspelet. Kanskje vinn du volleyballcupen på leiren etter å ha delteke på dette kurset?
Plassar: ingen fleire igjen.

Tur med Firkløveren 4H
Då andre verdskrigen kom til Rogaland – ein historisk busstur, med eit sidesprang til Månafossen. Krigen i Rogaland varte i 14 dramatiske dagar og utspelte seg for ein stor del i det som no er kommunane Gjesdal og Bjerkreim. Bussturen går frå flate Jæren inn gjennom dalar og fjordar og opp mot Byrkjedalstunet( www.byrkjedalstunet.no )og ned Høgjæren kor du får sjå den store vindparken. Underveis får du også høyre om krigshistorier, tekstilindustrien og sjølvsagt Gloppedalsura (Nord-Europas største ur.) Her blir det ein flott dag med mange opplevingar. Du får og vera med å gå til Månafossen www.ut.no/tur/2.2100/ .
Plassar: min 25 – maks 50 stk.

Paintball
Kurset inneheld ein dag med actionfylt moro på paintballbanen til Oltedal Paintball, som er ein av dei beste banane i landet innan woodsball. Alt utstyr får du låna, og alle får 500 skot. Dei som ønskjer fleire skot må sjølv kjøpa det til kr 100,- for 500 skot.

Me startar med ein sikkerheitsbriefing.

Du må ha eigne kler, ikkje kvite, som du ikkje er redd for. Fargen skal gå av i vask, men ein kan ikkje garantera det 100 %. Anbefalar gode sko, type halvhøge fritidssko, om du vil halda deg tørr på beina gjennom dagen. Det er kiosk på området, men ta med niste.
Plassar: – Ingen fleire igjen

Landa park *
Hos fortidslandsbyen på Landa www.landapark.no vil du få omvising i bronsealderhus, smie og Gildehallen, det blir skyting med pil og bue, fletting av garn og steiking av flatbrød over eld.
Fossanmoen og Landa har vært åstad for dei største arkeologiske utgravingane i Norge. Over 80 000 kvadratmeter er undersøkt. Utgravingane avdekka spor etter over 250 hus så langt tilbake som ca. 1500 f.Kr og fram til ca. 600 e.Kr. Det har med andre ord budd folk her i over 2000 år! Kunne DU tenka deg å leva som dei gjorde for 2000 år sidan, er dette kurset for deg.
Plassar: min 50 – maks 100 stk.

Bølgesurfing
Lyst til å surfe på Noregs beste surfestrender? Surfing er ein frisk utandørs sport som passar for alle, og me startar med informasjon om sporten. Instruktør er Rune Lye frå Surf School.
Me tek buss ut til den stranda som har best surfeforhold for dagen. Her får du delt ut surfeutstyret, dvs. våtdrakt, sko, hanskar, hette og surfebrett. Me skifter til våtdrakt, deretter leiar instruktøren oss ned til stranda der det blir gitt ein lett teori om surfing og sikkerheit ved surfing. Så er det ut i bølgene, kor instruktøren er med og rettleier. Me surfar til me er heilt utslitne og klare for ein skikkelig after-surf saman med resten av 4H-deltakarane i leiren. Lurt å ta med handkle, badeklede, sjokolade og noko å drikke.
Plassar: ingen fleire igjen.

Fotball
Med Ålgård Fotballklubb får du læra meir om fintar, spele kampar, ha stafettar, gjere ulike øvingar for å forbetre fotballferdigheitane dine og utvikle deg som spelar. Ta med fotballsko til grasbane + treningsklede.
Plassar: min 20 – maks 30 plasser

Vignes grav og spreng – ein løyen dag
Har du prøvd å laga gongkaker? Jaga sauer for å få ei lagkjensle? Eller hoppa i sekk? Her får du gjort alt dette og meir til. Du blir utfordra fysisk og etter denne aktiviteten skal du ha blitt litt klokare og litt tryggare på deg sjølve og lært litt om psykisk helse. Oddvar Vignes, som er agronom, gardbrukar, redaktør i Øyposten og foredragshaldar, skal også fortelja om korleis det er å veksa opp på ein liten stad, om flytting som 16 åring, om retur tilbake etter å ha vore innlagt på psykiatrisk sjukehus. «Ein bondesons bekjennelsar“ er både humoristisk og engasjerande.
Plassar: min 15 – maks 50 stk.

Geocaching
Geocaching er ein internasjonal aktivitet. Det kan samanliknast med orientering, men du finn fram ved hjelp av GPS i staden for kart og kompass. Du skal leite etter cachar (postar). Cachane er plassert ut over store deler av verda og informasjon om alle cachane ligg på nettstaden geocaching.com. På dette kurset får du bli med ut på jakt etter 13 geocachar i Kringeli, Ålgård. Ved bruk av GPS eller smarttelefon kan du navigera deg fram til geocachen, og ikkje minst leite etter den i terrenget. Store deler av turen går på traktorveg. Deltakarane må ha smarttelefon, og det er fint om du lastar ned appen på førehand.
Plassar: min 15 – maks 25 stk.

Sushi og byvandring på Bryne *
Sjølve sushilaginga varar i ca. 2,5 time og før eller etterpå er det byvandring i Bryne.
Plassar: ingen fleire igjen

BMX
I sørfylket er der eit aktivt BMX-miljø og klubbene der hevder seg i norgestoppen. Deltakarane skal til Sviland BMX og teste ut løypene deira. www.svilandbmx.no Det blir ei generell innføring i BMX-sykling, og kurset passer for både nybegynnar og vidarekomne. Deltakarane må ha bukse og langerma genser, instruktør held hjelmar og syklar.
Plassar: min 8 – maks 10 stk.

Tur til Preikestolen
Rogaland sin mest kjente attraksjon og et «must» for deg som besøker fylke for fyste gong. Me får følgje med folkehjelpen, men det er viktig at deltakarane er godt skodde og er i nokonlunde god form. Hugs gnagsårplaster.
www.preikestolen.no
Plassar: min 50 stk. – maks 100 stk.

Tur til Dalsnuten
Dette er eit populært turområdet i Sandnes med ei flott utsikt. En fin topptur av det kortare slaget, men med ei fantastisk utsikt. Lettgått tur
www.ut.no/tur/2.1968/
Plassar: min 50 stk. – maks 100 stk.

Shopping på Kvadrat *
Kvadrat er eit av dei største kjøpesentra i Norge, både målt i omsetning og i areal. Du finn 170 butikkar fordelt på ulike bransjar, der sko/klede/mote er den største enkeltbransjen med rundt 60 butikkar.
www.kvadrat.no
Plassar: – Ingen fleire igjen

Trollpikken
I 2017 blei Eigersund verkeleg sett på kartet, då nokon øydela deira nyaste attraksjon, nemleg Trollpikken. Fjellformasjonen blei gjenreist med brei mediedekning med verdspressa til stades. www.fjell-vandring.net/trollpikken Ein fin rusletur.
Plassar: min 50 stk. – maks 100 stk.

RUSH trampolinepark
Her skal me ha kanonball-konkurranse, vera i klatrevegg og cardiowall , som er ein kondisjonstest der det gjeld å treffe flest mogleg blinkande lys. Me skal teste Ninja-bane i ulik vanskelegheitsgrad, og me skal ha «battle beam» som er ein slåsskamp med polstra pølse for å dytte motstandar i skumgrop. Det vil også vere ei time til egen disposisjon på anlegget.
Denne aktiviteten varer berre ein halv dag, etter opplegget blir deltakarane frakta tilbake til leirområdet, og deltakarane  kan bruke tid på å rydde teltet sitt. Alle må fylle ut eigenerklæringsskjema i forkant, og alle må kjøpe hoppesokkar til kr 30,-
www.rushtrampolinepark.no/stavanger
Plassar: ingen fleire igjen 

Landbrukstur
Øksnevad VGS ligg midt i matfatet i Rogaland, med kort avstand til store og små matprodusentar. På denne aktiviteten vil Karina Sinnes, elev ved Øksnevad, odelsjente og avløysar ta oss med på gardsbesøk til fleire spennande produsentar.
Plassar: ingen fleire igjen

Utstein kloster
Utstein kloster er Norges einaste bevarte middelalderkloster, som ligg i eit nydelig miljø på Mosterøy i Rennesøy kommune.  Her hadde Harald Hårfagre sin kongsgard. I middelalderen var det kloster for augustinmunkar og seinare fogdegard på 1700-tallet. Utstein Kloster blir i dag drive som museum, konferansestad, selskapslokale og konsertarena. Klosteret ligg på Mosterøy i Rennesøy kommune. Utstein opptrer i historiske kjelder allereie på 1000-tallet, og då som kongsgard for Harald Hårfagre etter slaget i Hafrsfjord i år 872.
Plassar: min 25 – maks 50 stk.

Traktorpulling og redskap
Me får besøk av FK som viser frem ny traktor og utstyr. Der blir litt småreparasjon på mindre landbruksredskap før turen går til Innovator på Ogna som driver med traktorpulling.
Plassar: ingen fleire igjen

  • med forbehold om endringer