Leirbragder N4HA

Logo N4HANorske 4H-alumnar har lang erfaring med å vere på landsleir, og i lista under finn du ei rekke aktivitetar og utfordringar som dei oppmodar deg til å gjennomføre! Ta med deg 4H-vener og gjer så mange du greier. Del gjerne på sosiale medium med emneknaggane #vier4h, #4hlandsleir2018 og #gjørdetbestelenger

1. Gi ein klem til ein frå kvart fylke.
2. Sov ei natt under open himmel.
3. Opne ein pumpestasjon der folk kan pumpe opp madrassane sine.
4. Arranger «allsang på grensen» mellom to tun.
5. Spioner på ditt eige tunmøte med hatt og kikkert.
6. Lag ei dramatisk dødsscene under ein volleyballkamp (gjeld berre om du sjølv er
spelar).
7. Bruk ordtak i tide og utide.
8. Tre ein sokk på toppen av lavvoen din utan å ta ned lavvoen.
9. Spel «hysterisk reinhaldar» i eit tilfeldig tun.
10. Skift dialekt for ein time.
11. Gi massasje til den som står foran deg i matkøen (hugs å spørje først).
12. Gi 100 klemmar til forskjellige personar på 15 minutt (hugs å spørje først).
13. Lat som om du blir blenda av sola, slik at nokon må leie deg fram til tannpusseplassen.
14. Bytt 4H-bukse med ein som ikkje er frå ditt eige fylke.
15. Arranger bursdag for nokon som ikkje har bursdag, og inviter gjester frå ulike
land og fylke til selskap.
16. Lag ei cheerleader-gruppe og rop «Heia!» på dommarane under ein volleyballkamp.
17. Send eit hyggeleg brev til eit anna tun ved hjelp av fylkespostkassane.
18. «Spander» mat på personen bak deg i matkøen, sett deg deretter ned med
han/ho og lat som de er på date.
19. Få ein klem av leirsjefen, Asle Østbø!
20. Ha på deg leirbukse kvar dag heile leiren.
21. Spør ein som sit aleine om ho/han vil vere med å spele kort.
22. Drikk minst 1,5 liter vatn kvar dag.
23. Delta i volleyballturneringa.
24. Vinn volleyballturneringa.
25. Server mat til ein leiar på leir.
26. Skaff deg solbrilleskilje.
27. Sov i nokon andre sitt telt (bruk flyttemeldingsskjema).
28. Lag eit ”hemmeleg handtrykk” med en IFYE-deltakar.
29. Ta bilete med ein som jobbar som frivillig på leiren. 30. Bygg ein pyramide med minst 6 personar.
31. Gå lenka til ein anna leirdeltakar i 3 timar.
32. Ta eit bilete med ein av artistane på leiren.
33. Lær deg ei vømmølvise frå ein trønder.
34. Kjøp ein is til ein du ikkje kjenner.
35. Lag eit vennearmband og gi det til ein du synest fortener ekstra merksemd. 36. Hold ein positiv tale under eit måltid.
37. La nokon gå føre deg i do-køen.
38. Ha ein filosofisk samtale med ein du ikkje kjenner.
39. Lag blomsterkrans til medlema i leirkomiteen og andre som hjelper til på leiren. 40. Ta ei vakt i miljøtorget (for alumnar).
41. Snik deg med på eit anna fylke sitt fellesbilete.
42. Plukk 10 søppelbitar kvar dag og kast dei i ei søppelbøtte medan du har
på deg solbriller.
43. Stå baklengs i heile matkøen.
44. Ta med tre ferske leirdeltakarane på omvisning på leirområdet medan du gir
dei leirtips.
45. Lage solkremsmørelenke med minst 5 personar, kor alle smører kvarandre
inn med solkrem.
46. Bygg eit sandslott.
47. Bli kjend med ein som har ei tante som heiter Vigdis.
48. Syng «Fiskeboller lengter etter havet» ned frå 50 vers.
49. Lær deg namna på alle alumnklubbane i Norge.
50. Ver Supermann, ved å gå gjennom hovudleirgata med trusa utanpå buksa.
51. Lær deg ei anna dialekt så godt du kan, for deretter å prøve å overtyde dei som
faktisk snakkar dialekta om at du også snakkar dialekta deira.
52. Legg eit kjærleiksbrev i ein fylkespostkasse.
53. Få med 15 stykker på macarena i matkøen.
54. Gjer 24 bragder på 12 timer.
55. Et middag med ein ven kor de matar kvarandre medan begge har bind for augene. 56. Ta bilete med alle dei ulike leirbuksene.
57. Finn den eldste og den yngste deltakaren på leiren.
58. Delta i ein vasskrig.
59. Kjøp eit N4HA-handkle.
60. Ta eit bad.
61. Start allsang i dusjen.
62. Prøv å starte ein samtale med naboen på do.
63. Lag ei rundkøyring i eit tunkryss.
64. Lær ein annan eller bli lært av ein annan å danse swing.
65. Still tidsnok til frukost/tunsamling kvar dag.
66. Lær deg eit nytt dialektord frå kvart av dei andre fylka.
67. Finn ein med same fornamn som deg sjølv.
68. Dans swing med ein du ikkje kjenner.
69. Snakk bakvendt i ein time.
70. Lær deg ein av Tønes sine viser med hjelp frå ein rogalending.
71. Følg Norske 4H-Alumnar på Snapchat og Instagram
(Snapchat: n4h-alumn, Instagram: Norske 4H-alumner).