Info til leiarar

Kvart fylke skal stille med ein leiar per påbegynte 15 deltakarar.  Mellom desse skal det vera ein hovudleiar.  Alle leiarane frå fylket er ansvarleg for alle deltakarane, men det er vanleg å fordele deltakarane mellom seg slik at kvar deltakar har ein kontaktleiar.

Tre av dagane (måndag, tysdag og onsdag) skal deltakarane ut på aktivitetar. Mange av aktivitetane er utanfor leirområdet, men det er også fleire på leirområdet. Vi treng hjelp fra deg som leiar på fleire av aktivitetane. Vi vil fordele leiarane på aktivitetar, så hugs å registrer kva aktivitet du ønskjer å bidra på.

For at vi skal kunne få tak i ein ansvarleg fra fylket viss det skjer noko, ønskjer vi at minst ein leiar frå kvart fylke skal vere igjen på leirområdet (gjeld ikkje dei minste fylka). Vedkommande kan enten bidra på ein aktivitet i leirområdet, hjelpe til med andre leiroppgåver, eller slappe av.

Me jobbar nå med leiarheftet de skal få utdelt på leiren, men i forkant av leiren vil dere også få dette heftet tilsendt via e-post. Du må lese dette heftet før du kjem på leir.

Under leiren vil nyoppdatert leiarinformasjon bli lagt ut her,  under denne fana.

Ser du noko feil, eller er noko uklart? Send ein sms til 940 83 614.

Last ned: Leder på leir