Informasjon til deltakarar

 

Info til alle
Epost sendt 11.07 til deltakere, ledere, frivillige og pårørande til dei under 18 år

Ta med på kurs

Ansvarsfraskrivelse Paintball

Ta utskrift med på leiren, for framvisning.

Link til egenerklæring RUSH trampolinepark

Når
4H Landsleir er 21. juli – 28. juli 2018.
Ankomst frå kl. 14:00 laurdag 21. juli
Avreise innan kl. 12:00 laurdag 28. juli

Kvar

Øksnevad videregående skole i Klepp kommune i Rogaland.
Adresse: Jærvegen 990, 4352 Kleppe.

Kven

Leiren har nedre aldersgrense på 14 år (dvs. at du må vere født i 2004 eller tidlegare). Du må vere hovud-, søsken- eller alumnmedlem i 4H, og ha betalt medlemskontingenten. Bli medlem!

Pris

Leiren kostar 2 500,-. Faktura kjem på e-post i forkant av leiren, og den må vera betalt for at du skal få delta.

Sjukdom og behov

Det er viktig at du, når du melder deg på, opplyser om allergiar og/eller sjukdommar (fysisk og psykisk) som me som arrangør bør kjenna til, slik at førstehjelpspersonell kan hjelpa deg raskast og best muleg viss noko skulle skje. Om du har spesielle behov er det berre å skriva det ved påmelding eller ta kontakt med oss. Helseoppplysningar blir ikkje lagra, og blir automatisk sletta frå medlemsregisteret ein månad etter arrangementet.

Mat

Mat er inkludert i prisen. Det er viktig at du opplyser om matallergiar og graden av desse ved påmelding, slik at matkomiteen kan laga riktig mat til deg!

Overnatting

Fylka blir inndelt i tun, og me overnattar i teltleir.  Hugs å avtala med andre i eige fylke, så ikkje alle tar med kvart sitt telt.

Pakkeliste

Hugs at det ofte er avgrensa plass på transporten, så det er lurt å ikkje pakka med seg for mykje. Det er også avgrensa med teltplass, så me oppfordrar alle til å sova i telt eller lavvoar saman.

  • Telt
  • Sovepose
  • Tursko/joggesko og støvlar
  • Varme klede
  • Varmt nattøy
  • Regntøy og vindtett jakke
  • Leirbukse (om du har)
  • Toalettsaker
  • Solbriller, solkrem og myggstift/spray
  • Kopp, matboks og vassflaske
  • Lommepengar
  • Leirheftet/invitasjonen
  • Lommelykt
  • Ukulele, fløyte, gitar eller anna instrument
  • Pynt til tunet
  • Antrekk til åpningsseremonien – årets tema blir avslørt seinare
  • Somme aktivitetar krev også at du har med deg noko. Ta med på kurs

La datamaskiner og andre tekniske og verdifulle saker vera heime.
Hugs å merka tinga dine med namn!

Reise

Dei fleste fylka tilbyr fellesreise til leiren. Sjekk nettsida til fylket ditt for info om fellesreise. Me oppfordrar alle til å delta på fellesreisa, då dette sannsynlegvis vil vera enklast for dei fleste. Kjem du for eiga maskin er du sjølvsagt velkommen til det! Nærmaste flyplass er Stavanger lufthavn, Sola. Tar du NSB regiontog må du gå av på Bryne stasjon (Time kommune) og ta buss vidare til Øksnevad vgs. i Klepp kommune.

Fotografering

Der blir felles fotografering av fylka søndag 22. juli.
Hvis du ikkje ønskjer at bilde av deg skal leggast ut på facebook og instagram, må du seia frå om det når du melder deg på.

Volleyballturnering

Det blir sjølvsagt Landkreditt – volleyballturnering, på open dag torsdag 26. juli.

Miljøtorg

Me gjentek suksessen fra Nordic camp 2017 og har miljøtorget inne i ridehallen. Her blir det masse kjekt!

Underhaldning

Det blir mykje god underhaldning – sjå bare her!

Leirregler

Me vil at alle skal ha det gøy på leir, og ber deg derfor bruke sunn fornuft, ta vare på alle rundt deg, oppføra deg fint, gjera noko kjekt for deg sjølv og andre, og følgja reglane. Leirreglane gjeld alle 4H-arar, 4H-alumnar, leirleiarar og andre som oppheld seg i leirområdet.

1. Gjer deg kjend med programmet og følg det.
2. Alle skal bruka synleg leirbevis gjennom heile leiren.
3. Forlat ikkje leirområdet utan lov frå din leiar.
4. Gjester skal registerast og få besøkskort.
5. Meld frå til leiaren din om du blir sjuk, skada eller ser nokon andre som treng hjelp, uansett tid på døgnet.
6. Hald orden i leirområdet og bruk søppelspanna. La brannsløkkingsutstyr og anna leirutstyr vera i fred. Ser du noko bli øydelagt eller skada, meld inn dette til leirkontoret!
7. I teltleiren skal de vera ro mellom kl. 23 og 07.
8. Bading kan skje på tilviste stadar, og på vilkår av at din leirleiar gjer deg lov.
Dei som badar skal vera i følgje med ein leirleiar (1:15) som er svømmedyktig og kan grunnleggjande livredding.
9. Røyking, bruk av propanapparat og open eld er strengt forbode utanom på tilviste plassar.
10. Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate, og fører til automatisk heimreise for eiga rekning.
11. Energidrikkar (til dømes Red Bull) er ikkje lov å ha med seg eller drikka.
12. Leirråd kan ta frå deltakarane farlege gjenstandar, som kniv, ved behov.
13. Ta omsyn til dei andre leirdeltakarane, naboane til leirområdet og Øksnevad VGS. Ikkje opphald deg på/i område/bygningar som ikkje er ein del av leirområdet.
14. Respekter andre sine grenser. Seksuelt krenkande åtferd blir ikkje tolerert. Dette kan være uønskt fysisk kontakt, sårande eller ”grisete” kommentarar eller liknande.

Alvorleg brot på reglane kan medfør heimsending for eiga rekning. Avgjerd om heimreis tas av Leirrådet.

Spørsmål

Kontakt 4H i fylket ditt eller landsleir2018@4h.no / katrine.rogaland@4h.n