Pressemelding Rogaland – Vidle, fine og blaude

Tenk å få gå i Tom Cruise sine spor på Preikestolen, surfe i skumkvite bølger på Jæren, eller vere med ein slaktar på alt frå slakt til ferdig middag.

– Det er berre litt av tilbodet til dei 1500 ungdommane me ønsker oss på landsleiren vår i juli, seier leirsjef i 4H landsleir 2018, Asle Østbø.

Satsar på rekord
Komiteen som arrangerer årets landsleir håper å slå alle rekordar for deltaking. Dei har dessutan ambisjonar om å gi 4H-arane spektakulære og varme minne å ta med seg heim frå ein leir dei seint vil gløyme. Leirleiinga er svært stolte over programmet dei nå har lagt fram.

I Tom Cruise sine fotspor
Både Preikestolen og Trollpikken skal få besøk av friske 4H-arar i sommar, lovar Østbø.
– Men ingen får lov å henge i tau over kanten på Preikestolen, slik Tom Cruise gjør i den nyaste Mission impossible.
Elles blir det tilbod om sushikurs, sjokoladekurs, trampolinepark og mykje, mykje meir.

Bånn pinnei ei veke
4H landsleir er ein vekelang teltleir fullspekka med aktivitetar og underhaldning. Leiren går på rundgang mellom fylka annakvart år. Årets leir skal vere på området til Øksnevad vidaregåande skole i Klepp kommune i Rogaland. Her står store landbruksareal til leirens disposisjon.
Målet har heile tida vore å spreie leiren rundt i fylket, så både Stavanger, Egersund og Bryne må belage seg på å få besøk av mange ungdommar med varme hjarte og flinke hender den siste veka i juli.

For meir informasjon, kontakt:
Leirsjef Asle Østbø, 926 87 647
4H Norge
Fullt program og fleire bilde finn du på 4hlandsleir.no

FAKTABOKS:
4H Landsleir 2018 på Øksnevad 21.-28. Juli
Arrangør er 4H Rogaland på vegne av 4H Norge
1500 ungdommar i alderen 14 til 25 frå hele landet er venta å delta
https://www.facebook.com/4HLandsleir2018/

BILDETEKSTAR:
Leirsjef Asle Østbø er svært fornøgd med aktivitetane komiteen har å tilby 4h-arane som skal på landsleir i juli.
– Nå er det berre å melde seg på, seier han. Foto: 4H Rogaland

Slaktar Stian Espedal held slaktekurs i Rogaland. I juli skal han ta landsleir-ungdommen med på reisa frå slakt til ferdig mat. Foto: 4H Rogaland

Påmeldte deltakarar fylkesvis veke 19:
Rogaland 147
Hordaland 85
Trøndelag 73
Akershus og Oslo 63
Buskerud 61
Møre og Romsdal 58
Østfold 51
Sogn og Fjordane 44
Vestfold 37
Nordland 30
Troms 23
Oppland 22
Telemark 20
Vest Agder 20
Aust Agder 18
Hedmark 6
Finnmark 2

Totalt 720

For meir informasjon om klubbane i DIN kommune: http://www.4h.no/Rogaland/4H-Der-du-bor.aspx

Vel fylke – kommune – klubb på høgre side

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *