4H landsleir 2018 – vidle, fine og blaude!

SJEKK UT SONGEN VÅR!

21. – 28. juli 2018
Øksnevad videregående skole i Klepp kommune i Rogaland

Øksnevad VGS
Øksnevad VGS. Foto: John Bjørklund

Dette vil me!

Når 2000 ungdommar reiser heim frå landsleir i Rogaland sommaren 2018, så veit dei kor utruleg godt ei søt Juanita frå Finnøy smakar! Dei reiser heim til alle kantar av landet og fortel at tredjeslåtten snart er i gang i Ryfylke, og at honningbiene i Tysvær svermar litt ekstra i år. Dei veit at leirplassen Øksnevad ligg i den mest produktive av regionane i dette framste landbruksfylket i landet. Kanskje har dei til og med fått seg ein kjærast, ei som ein gong skal bli bonde, som kjører traktor og har caps det stenne John Deere på.

Visjon for landsleir 2018:

Å gjera oss bevisste på eigen identitet og kva nærmiljøet betyr for oss. Å gjera unge og vaksne rogalendingar stolte av fylket og nærmiljøet vårt. Å visa fram det flotte mat- og landbruksfylket Rogaland er. Å skapa dei beste leirminna!

Bakgrunn:

4H Landsleir er for medlemmer av 4H mellom 14 og 25 år. Leiren går på rundgang i landet, og i 2018 skal han vera i Rogaland. Tema for leiren vår blir Nærmiljø og identitet. Leiren varar frå 21. juli til 28. juli 2018. Dette er ein teltleir skal ha hovudsete på Øksnevad videregående skole i Klepp kommune på Jæren. Mål for landsleir 2018: 4H Rogaland skal gjennomføra landsleir 2018 med 2000 deltakarar på Øksnevad vgs. Me skal ta heile fylket i bruk. Landsleiren 2018 skal vera ein arena for rekruttering til 4H, og til landbruksskulane Øksnevad videregående i Klepp og Tveit videregående i Tysvær.

Verdigrunnlag:

Føremålsparagrafen fortel at 4H Norge er ein landsdekkande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig. Føremålet med 4H er å utvikla aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Grunnlaget for organisasjonens arbeid finst i landbruksnæringane og i lokalmiljøet. Dei unge sin rett og plikt til medverknad står sterkt i 4H. Det er ungane som styrer klubben og innehar alle styrefunksjonar. Dei vaksne fungerer som rådgjevarar. 4H har både lokalt og internasjonalt engasjement. 4H sitt motto er ”læra ved å gjera”, og 4H-lovnaden lyder slik:

”Eg lovar å arbeida mot det mål å verta ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.”